Gult nivå: Med store mengder nedbør på så kort tid er det fare for lokalt vanskelege køyreforhold grunna overvatn og fare for vassplaning.

Kraftig lågtrykk på veg: — Blir skikkeleg ruskete!

Det er sendt ut gult farevarsel for regn onsdag.

Enno er det opphald og fint ver, men vakthavande meteorolog Anne Solveig Andersen skildrar i dag og i morgon som «stille før stormen».

Onsdag kjem det nemleg til å bøtta ned over store delar av Vestland fylke. På tolv timar er det venta mellom 50 og 80 mm nedbør. Det er mykje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Farevarselet gjeld frå klokka 1 natt til onsdag til klokka 15 same dag.

Ein rask sjekk på nokre ulike stadnamn i Bjørnafjorden viser lokale variasjonar. Medan Lepsøy får kraftigare vind enn til dømes Eikelandsosen, får Eikelandsosen meir nedbør enn Lepsøy.

Samtidig med regnet, er det meldt stiv til sterk kuling langs kysten.

— Det blir rett og slett skikkeleg ruskete, seier Andersen.

Meteorologisk Institutt har førebels ikkje sendt ut noko farevarsel om vindkast, men dette blir fortløpande vurdert.

Gult farevarsel betyr som vanleg at det er fare for overvatn i tettbygde område og fare for stengte vegar og/eller overvatn ved bekke- og elvelaup.

Nokre reiser vil kunne få lenger reisetid. Det kan også bli lokalt vanskelege køyreforhold grunna overvatn og fare for vassplaning.

Det blir klissvått og mørkeblått på onsdag.

Nord for Island

Årsaka til uvêret er eit kraftig lågtrykk i Norskehavet nord for Island. Tysdag kveld nærmar lågtrykket seg Vestlandet og det fører til auka vind frå sør utover natta og morgonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Nedbøren kan koma som sludd heilt i starten, men det vil fort gå over til regn, seier Andersen.

Derimot kan det koma snø på fjellovergangane, så her må du vera budd på både snøfokk og forseinkingar.

Onsdag ettermiddag dreier vinden til vestleg pålandsvind, og det går over til bygevêr.

— Bygevêret kan flytta nedbøren og vinden til nye stader. Pålandsvind tek typisk litt lenger inn i landet.