Vinden som herjar har skapt litt problem i både Os og Fusa.
Vinden som herjar har skapt litt problem i både Os og Fusa.

Kraftig vind, men få skademeldingar

Den kraftige vinden som har herja sidan i går, har blitt merka både i Os og Fusa, men det har kome relativt få skademeldingar.

– Os hamn har fått køyrd seg litt, fortel teknisk vakt Robert Hatvik Flister og legg til:

– Trekaien ved Vindu mot fjorden har fått pryl. Førebels går det greitt med han, men vi følgjer situasjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ikkje kome inn meldingar om trevelt, men på Lekven har ein stolpe velta.

– Vi fekk melding i går om ein stolpe på Øvre Lekven som stod på halv åtte. Dette er fiksa. Elles er det ein del leidningar som heng og sleng ulike stader, fortel Hatvik Flister og legg til:

– Vi har folk ute. Brøytevaktene er tilgjengelege om det skulle skje eit trefall eller noko slikt.

Trevelt

I Fusa har det vore forholdsvis roleg.

– Det har ikkje vore noko maksvind her hos oss, men det har blåst jamt og godt sidan i går ettermiddag. No løyar det. Det einaste som er rapportert, er ein trevelt på Sundfjord. Det blei rydda opp i relativt raskt, seier leiar for teknisk drift, Øystein Havsgård.

Det skal ifølgje vêrmeldinga blesa stiv kuling til kring klokka 14.00, før det løyar litt.