Innsatsleiar Sindre Hallem fortel at dei prioriterer å søkja denne sida av fjellet.
Innsatsleiar Sindre Hallem fortel at dei prioriterer å søkja denne sida av fjellet.

Krevjande terreng gjer finsøket utfordrande

Store styrkjer er ute og leiter etter den sakna 54-åringen. Innsatsleiar frå politiet, Sindre Hallem, fortel at søket kjem til å halda fram utover kvelden med same styrke.

– Kva tid er siste sikre observasjon av den sakna mannen?

– Han blei sist observert då han gjekk frå heimen sin klokka 11.40 i går føremiddag. Han skulle på Borgafjellet. Då han ikkje kom tilbake etter ein del timar, melde familien han sakna, fortel innsatsleiar frå politiet, Sindre Hallem.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då Os & Fusaposten vitja Røde Kors-huset, som er basen til politiet og leitemannskap, kring klokka 16 i ettermiddag, hadde dei nett hatt vaktskifte.

– Mannskapet er slitne. Mange har vore ute lenge. Det er krevjande terreng, noko som gjer at finsøk er vanskeleg og at det tek tid, seier Hallem og held fram:

– Vi har fokus på alle stiar opp på fjellet, men vi prioriterer denne sida – området Borgafjellet og Tøsdalsfjellet. Mannskap søkjer nedanfrå og oppover i fjellet. Sea King-helikopteret har nett vore og fylt tanken og søkjer vidare no. Det er ikkje noko nytt å melda om.

Saknamelding:

Nils Andre NORHEIM er meldt sakna, då han ikkje dukka opp til avtalt tid (i bustaden) etter tur i området Nordmarka – Borgafjellet. Han gjekk frå Nordmarka 33, ca. kl. 12.00, måndag 07.05.18.

Skildring av den sakna mannen: 185 cm høg, normal kroppsbygning, 54 år. Blå auge. Heilt lyst hår, noko kortare hår på sida enn på passbiletet frå 2011. Nils Andre var ikledd følgjande då han forlèt bustaden; svart treningsbukse med grøn stripe nedover, svart t-skjorte, truleg tynn svart treningsoverdel med grøn stripe. Han har gullkjede kring halsen. Har sannsynlegvis sekk eller rumpetaske med seg. Han har ingen tatoveringar.