Wenche Vaktdal meiner at handelsstanden er alt for kyniske, og gjer nesten kva som helst for å få inn pengar.
Wenche Vaktdal meiner at handelsstanden er alt for kyniske, og gjer nesten kva som helst for å få inn pengar.

Kritisk til handelsstanden

Wenche Vaktdal irriterer seg over kor kyniske handelsstanden er når det nærmar seg tradisjonsrike dagar som mor- og farsdag.

I lang tid trudde Vaktdal at morsdagen var noko handelsstanden hadde funne opp. Etter å ha sette seg inn i historia, ser ho at det er ein fin og lang tradisjon. Likevel, det ho ser på som eit stort press frå handelsstanden kring morsdagen, meiner Vaktdal at ikkje er bra.

- Det er morsdagsplakater og reklame i hytt og vêr. Tanken bak, og meininga med morsdagen druknar i handelsstandens massive iver etter å tena pengar. I dagens reklamejag, blir det også berre snakka om mødrene som lever, og alt kva ein kan kjøpa til dei av blusar, kake osv. Dei mødrene som har gått bort, blir heilt gløymd, seier Vaktdal og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er faktisk slik at mange synest at morsdagen er vanskeleg, fordi dei har mista sin kjære mor. Tapet og sorga blir endå sterkare når tusenvis av morsdagsplakatar lyser mot ein og minner ein nok ein gong på at mor er borte.

Vil gje handelsstanden ein smekk

Mor- og farsdag, valentinsdag, eller kva slags annan dag, Vaktdal seier at ho fint klarer å hugsa på å kjøpa gåver til dei ho er glad i, utan å måtte bli påminna av haugevis av plakatar og reklame.

- Vi veit alle saman opningstidene til butikkane, og klarer heilt fint å kjøpa noe til morsdagen om vi ønskjer det. Det hadde vi klart utan ein einaste plakat eller reklame. Eg ønskjer med dette å gje handelsstanden ein smekk, seier Vaktdal.

Trond Blindheim, rektor og dosent ved Høyskolen Kristiania. (Pressefoto)
Trond Blindheim, rektor og dosent ved Høyskolen Kristiania. (Pressefoto)

Skal vi avlysa jula også?

- Dette er det dummaste eg noko sinne har høyrt! Sitatet tilhøyrer Trond Blindheim. Han er utdanna sosiolog ved Universitetet i Oslo, og underviser i marknadskommunikasjon og forbrukaråtferd. Han har også skrive fleire bøker og artiklar innan marknadsføring, reklame og forbruk. Han er ikkje einig i synspunkta til Vaktdal.

- Ho må ta seg ein bolle. At ein ikkje skal markera at det er morsdag fordi det ikkje er alle som har ei mor, er det same som å seia at ein ikkje kan visa fram bilete av kjernefamilien, fordi ikkje alle har ein kjernefamilie. Det er ikkje alle som trur på julenissen, så då må vi vel avlysa jula også? Eg har verken mor eller far, men eg har ikkje tenkt ekstra på det på desse dagane.

Blindheim seier at handelsstanden har eit samsfunnsansvar. Det er å tena masse pengar for å sikra og trygga arbeidsplassar, slik at ein kan betala skatt og få inn god løn, og marknadsføringa er ein del av dette, fortel han.

- Handelsstanden er i marknaden for å tena pengar. Forbrukarane har rett til å seia nei til å kjøpa. Gleda med å handla må ikkje undervurderast.