Oppmoding: Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) ber alle tilsette i barnehagar og skular om å vaksinera seg og å ta den tredje dosen.

Kunnskapsministeren oppmodar tilsette i skular og barnehagar til å vaksinera seg

11,5 prosent av dei tilsette i skular og barnehagar har fått ein tredje dose med koronavaksine, ifølgje tal frå FHI. Kunnskapsministeren ber alle tilsette kontakta kommunen for å få oppfriskingsdose.

Med oppfriskingsdose får ein unntak frå karantene, opplyser Kunnskapsdepartementet.

– Vi treng at dei tilsette er friske og på jobb med godt vern mot alvorleg sjukdom, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange kommunar tilbyr drop-in eller har eigne dagar der tilsette i skule og barnehage kan ta «booster»-dosen, ifølgje Brenna.

Alle som har fått oppfriskingsdose med koronavaksine for over éi veke sidan, får unntak frå smittekarantenen. Er ein husstandsmedlem eller tilsvarande nær må ein også testa seg kvar dag med sjølvtest eller antigen hurtigtest eller annankvar dag med PCR-test i sju døgn for å få unntak frå smittekarantenen.

Det vart gitt over 18.000 oppfriskingsdosar førre veke. 31.000 tilsette i barnehagar og skular oppfyller krava for å få ein tredje dose. Det talet er venta å vekse til 146.000 i veke to 2020.