Av og til kjem det atomdrivne ubåtar inn til Håkonsvern. Os og Fusa kommunar øver i desse dagar på kva som vil skje i tilfelle ei ulukke. (Illustrasjonsfoto)
Av og til kjem det atomdrivne ubåtar inn til Håkonsvern. Os og Fusa kommunar øver i desse dagar på kva som vil skje i tilfelle ei ulukke. (Illustrasjonsfoto)

Kva kan i verste fall skje med ein atomubåt i fjorden?

I dag og i morgon deltek kriseleiinga i Fusa og Os på ei øving som har med atomberedskap å gjera.

Til neste år er det 30 år sidan Tsjernobyl-ulukka spreidde radioaktivt cesium ut over Noreg. Eitt av problema den gongen var at ingen visste kva tiltak som burde iverksetjast, og ein hadde ikkje øvt på ein tenkt krisesituasjon. I våre dagar er atomberedskap blitt ein fast del av kvar kommunale kriseplaner.

Fire timars varsel

- Me har ein atomberedskapsplan i Os kommune, og i tillegg er det av og til noko me må øva oss på. Fylkesmannen arrangerer dette, så eg kjenner ikkje detaljar i scenarioet me skal bli førelagt, men det er nærliggjande å tenkja på radioaktivt nedfall frå Tsjernobyl eller Sellafield-anlegget. Dersom det skjer ei ulukke ved sistnemnde anlegg, kan det ta berre fire timar før radioaktivt nedfall når oss på Vestlandet, seier brannsjef Stein Gjøsund.

Artikkelen held fram under annonsen.

I lag med heile kriseleiinga vil dei øva på dette scenarioet onsdags morgon. Blant andre vil ass. rådmann Paul Manger, stabssjef Nils-Petter Borge og kommuneoverlege Jon Vangdal Aamaas delta.

- Os kommune vert varsla kvar gong det kjem ein atomdriven ubåt inn til Håkonsvern. Det er også naudhamn dersom russiske eller allierte ubåtar får problem i Nordsjøbassenget. Så dette kan gje lokale utfordringar i ein nødssituasjon, seier Gjøsund.

- Kva må de gjera dersom me får radioaktivt nedfall her?

- Det er ei rekkje tiltak som då må igangsetjast. Til dømes må barnehagane dekkja til sandkassane sine, og landbruket kan ikkje ha dyra gåande ute.

Den vanskelege informasjonen

Eit anna viktig område å øva på er sjølve informasjonen som kommunen må formidla i tilfelle ulukka er ute. Ifølgje Askøyværingen har Askøy kommune i dag sendt ut sms til alle innbyggjarane, truleg for å testa at det fungerer i tilfelle ei atomkrise.

- Media kjem til å vera raske på banen når noko slikt skjer. Dei vil nok koma med informasjon frå sin ståstad før rett info frå Statens strålevern vert sendt ut. Det kan t.d. resultera i at folk blir engstelege, og ringjer ned legevakta. Dermed vert ei viktig kommunal teneste blokkert. Så det vil bli viktig å kontakta lokale medium for å få ut korrekt informasjon så fort som råd er, seier Gjøsund.

Brannsjef i Fusa, Gunnar Hatlelid, tok ikkje telefonen då «Os og Fusaposten» ringde for å høyra korleis Fusa gjennomfører si øving i dag.