Sjukeheimar, dagsenter, skulebibliotek, folkebibliotek, frivilligsentralar og vaksenopplæringa er blant dei som kan venta seg ei helsing frå nettverket Kultur for eldre. Frå venstre - Meline Heimdal Haugland (Samnanger) Mildrid Aarvik (Fusa), Lillian Kvamsøy (Kvam), Erik Vangsnes (Fusa), Grete Byrkjeland (Os) og Øystein Grytøyr (Os). Anne Karin Røsseland (Samnanger) og Mary Ann Sørheim (Kvam) er ikkje med på biletet.
Sjukeheimar, dagsenter, skulebibliotek, folkebibliotek, frivilligsentralar og vaksenopplæringa er blant dei som kan venta seg ei helsing frå nettverket Kultur for eldre. Frå venstre - Meline Heimdal Haugland (Samnanger) Mildrid Aarvik (Fusa), Lillian Kvamsøy (Kvam), Erik Vangsnes (Fusa), Grete Byrkjeland (Os) og Øystein Grytøyr (Os). Anne Karin Røsseland (Samnanger) og Mary Ann Sørheim (Kvam) er ikkje med på biletet.

Kva seie du?

Kva betyr det å «skotra»? Eller kva er eit «rivjarn»? Kva betyr det å vera «slonken»? Svaret finn du i språkspelet som kultursamarbeidet Kultur for eldre har laga til bruk på tvers av generasjonane.

- Nettverket «Kultur for eldre» er eit samarbeid mellom kommunane Kvam, Samnanger, Fusa og Os med medlemer både frå omsorgssektoren og kultursida, fortel kulturleiar i fusa, Erik Vangsnes.

Nettverket er samla to gonger i året for å utveksla erfaringar og utvikla samarbeidstiltak. Det har resultert i fleire prosjekt og tiltak for å få fleire kulturaktivitetar retta mot eldre, både på og utanfor institusjon. Tidligare har ein blant anna fått tilskot til konsertar, dans, historie- og kunstformidling.

Artikkelen held fram under annonsen.

I år har nettverket gjort ein ny vri og gått saman om prosjektet «Lokale ord og uttrykk». I Kvam, Samnanger, Fusa og Os er det mange kvardagsord- og uttrykk som kanskje er typisk for desse grannekommunane. Det er samla inn 51 lokaltypiske ord frå dei fire kommunane.

- Orda er trykt på store, gode kort. Eitt ord på kvart kort med forklaring på baksida. Vips så har vi ein kortstokk og ein ny språkleik som har fått namnet «Kva seier du?», fortel Vangsnes og held fram:

- Korta kan brukast til leik, spørje- og mimespel i grupper. Gamle ord og uttrykk aktiviserer språklege og kulturelle erfaringar som kallar både på minna og låtten.

Han håper korta også kan vera eigna for å skapa kontakt mellom generasjonane.

Sjukeheimar, dagsenter, skulebibliotek, folkebibliotek, frivilligsentralar og vaksenopplæringa er blant dei som kan venta seg ei helsing frå nettverket Kultur for eldre.

Vangsnes legg til at For Fusa sin del, var dette ei veldig kjekk oppfølging av ordboka Gasta greie som kom ut hausten 2016.

- Vi får berre positive tilbakemeldingar frå dei som har prøvd ut språkspelet. Språk engasjerer i alle aldrar, konstaterer han nøgd.

I Os kommune er orda samla inn gjennom samtalar med eldre i Gamleheimshagen dagsenter. Kortspelet er delt ut til kvar avdeling på Luranetunet inkludert dagsentra.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Spelet er godt teke imot. Det er plan for å distribuera kortspelet til skulane i Os samt til Os folkebibliotek i nær framtid, opplyser aktivitetskoordinator i Os, Grete Byrkjeland.

jostein@osogfusa.no