Sidan det ikkje er tømming av boss på heilagdagar, får du ny dato dersom din dag fell på ein raud dag.
Sidan det ikkje er tømming av boss på heilagdagar, får du ny dato dersom din dag fell på ein raud dag.

Kva skjer med julebosset?

Kva dag blir bosset ditt henta? Her er oversikta over tømmedagar i jula. Du kan og lesa om kva som skal puttast i den raude julesekken.

Sidan det ikkje er tømming av boss på heilagdagar, får du ny dato dersom din dag fell på ein raud dag. Dessutan er alle gjennvinningsstasjonane stengt på dei raude heilagdagane, samt jule- og nyttårsaftan.

Dersom din tømmedag for restavfall er 1. juledag vert restavfallet henta 27. desember. Står du oppførd med 2. juledag må dunken ut 28. desember. 1. nyttårsdagsheting er sett til 2. januar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dersom tømmedagen for papir/plast er 2. juledag, vert dunken din tømt allereie i morgon, torsdag. For dei som skulle fått henta plast- og papirbosset 1. nyttårsdag, er 3. januar datoen å merka seg.

Det er viktig å merka seg at spannet kan bli tømt på andre tidspunkt enn vanleg, både tidlegare og seinare.

Dei siste dagane har BIR sin raude julesekk blitt sendt ut saman med JuleBossanova. Julesekken skal brukast til gåvepapir, silkepapir, band og sløyfer, brukte serviettar og blandingsemballasje. Blandingsemballasje er til dømes leiketøysøskjer med plastvindu. Desse kan ikkje gjenvinnast til nytt papir, difor blir julesekken frakta til energianlegget slik at vu får straum og varme av det.

Julesekken skal setjast ut saman med restavfallet på den første tømmedagen etter julaftan.

Anja Sandvik

post@osogfusa.no