Flyktningar i Os får også  læra seg å sykla, med god hjelp frå Frivilligsentralen (Arkivfoto)
Flyktningar i Os får også læra seg å sykla, med god hjelp frå Frivilligsentralen (Arkivfoto)

Kva vil flyktningstraumen kosta Os?

Etter ein diskusjon om prisen for å ta i mot 45 flyktningar årleg, kasta rådmannen inn ein brannfakkel: - Flyktningstraumen vil krevja at me tek imot 40 flyktningar per månad.

Ifølgje kommunalsjef Nils-Petter Borge har flyktningtenesta i Os eit veldig godt rykte på seg blant nabokommunar.

- Flyktningtenesta vår blir gjerne trekt fram som ei suksesshistorie. Me har veldig god integrering i samfunnet, og mange av dei me har teke imot har etter det 5-årige introduksjonsprogrammet sjølv vore i stand til å etablera seg med jobb og eigen bustad, sa Borge, og la til:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Men dette har med å gjera at me har teke i mot relativt få kvart år, sa Borge.

Medan IMDI har bede om både 30 og 40 årleg, har Os kommune valt å ta imot ca. 10 flyktningar kvart år, eller 15 som i 2015, med grunngjevinga at ein heller vil gjera ein god jobb for få, enn ein middels jobb for mange.

- Me har funne ut at me ikkje har tapt pengar på flyktningtenesta i Os. Alt handlar om vellukka integrering, sa Eivind Solberg.

Reknestykket på kva det vil kosta å ta i mot 45 flyktningar årleg.
Reknestykket på kva det vil kosta å ta i mot 45 flyktningar årleg.

Reknestykket

Men no har Fylkesmannen bede om at Os kommune tek i mot 45 flyktningar i 2016, og deretter minst 40 flyktningar årleg. På budsjettkonferansen vart eit reknestykke lagt fram som syner kva det vil kosta å ta i mot 45 flyktningar (30 vaksne og 15 born) i den femårige integreringsperioden. Det synte at det vil kosta 20,3 mill. kroner første året, medan inntektene er på 16,4 mill. (integreringstilskot). Andre året vil kosta 26,9 mill. kroner, medan inntektene er 23,2 mill. kroner. Dei største utgiftspostane er introduksjonsstønad (NAV), lønsutgifter, barnevernstenester og økonomisk sosialhjelp. Men også utgifter til skule, barnehage, tolkar, og andre sosiale kostnader er rekna inn. Dei to første åra har ein difor eit underskot på ca 3,9 og ca 3, 65 mill. kroner. Men dei neste åra av introduksjonsperioden vert underskotet på tenesta redusert til 1,2 mill. kroner årleg, pga. høgare integreringstilskot i denne perioden. Etter desse fem åra, får ein ikkje integreringstilskot lenger, då det er forventa at flyktningane skal kunna stå på eigne bein. Frå år 6 og utover er det forventa at dette underskotet på 1,2 mill. kroner årleg held seg.

Uvissa

- Slike utgifter er handterbare for ein kommune på vår storleik. Men det store spørsmålet er kor stor grad av sjølvberging ein har klart å oppnå i integreringsperioden på fem år, sa Terje Søviknes.

- I den store samfunnsrekneskapen ligg det ein kostnad over levetid. Det handlar først og fremst om sosialhjelp, men også om trygdekostnader. For arbeidsdeltakinga er lågare, det er det ikkje tvil om. Uvissa er kor stor del av desse kostnadene fell på kommunane, og kor stor del staten tek, sa Søviknes.

Kommunalsjef Nils-Petter Borge la til at mykje kjem an på kven som kjem hit, noko ein sjølvsagt ikkje veit.

- Er det folk som har god utdanning, som relativt lett lærer seg norsk, så klarer dei seg utmerkt på eiga hand etter fem år. Men er dei sterkt traumatiserte, og har med seg mykje vondt i bagasjen, får det kommunale tenesteapparatet ein heilt annan situasjon, sa Borge.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jakob Enerhaug (KrF) og Terje Sperrevik (TvS) oppfordra administrasjonen til å ta sivil sektor i bruk, og involvera alt frå lag og foreiningar og kyrkjelydar.

- Me er i endå større grad nøydde til å ta i bruk heile osbygda, for å sikra ei god integrering, sa Sperrevik.

Brannfakkelen

Rådmann Knut Terje Rekve meinte tala frå Fylkesmannen ikkje lenger er dei reelle tala ein har å halda seg til.

- Tala me her sit og diskuterer baserer seg på ein normalsituasjon. Dette baserer seg på det talet flyktningar ein diskuterte i sommar. Men no er ikkje situasjonen normal lenger. Me snakkar om å ta imot 45 flyktningar i året. Men dersom me skal ta imot vår del av dei flyktningane som er kome til landet dei siste månadene, snakkar me om 30-40 stykk i månaden. Det er ei kjempeutfordring, og kan truleg ikkje løysast ut frå den tradisjonelle integreringstankegangen, sa Rekve, og vart følgt opp av Søviknes.

- I sommar var det snakk om me skulle ta i mot 8.000 eller 10.000 flyktningar fordelt på tre år. Men no snakkar me meir om 35.000 kvart år. Det er ei dramatisk endring som ligg i bordet her. Men korleis det vil bli handtert i framhaldet, må avgjerast på statleg nivå. Dette vert det forhandla om mellom regjeringspartia og samarbeidspartia nett no. Me får truleg vidare føringar dei komande vekene, sa Søviknes.