Monica Bruland, Solveig Lyngbø, Mariann Særvold Sælen, Torkel Erdal og Cassandra Bruland overrakte chiplesaren til brannsjef Stein Gjøsund tysdag.
Monica Bruland, Solveig Lyngbø, Mariann Særvold Sælen, Torkel Erdal og Cassandra Bruland overrakte chiplesaren til brannsjef Stein Gjøsund tysdag.

Kven eig den skadde katten? Ny chip-lesar på brannstasjonen hjelper deg

Tysdag donerte Oskatten ein chip-lesar til Os brann og redning. – No gjeld det at så mange som mogleg chippar dyra sine, seier leiar Monica Bruland.

I vinter vart den ideelle foreininga Oskatten klar over eit vesentleg problem for kattar og hundar som kjem vekk frå heimen sin. For kva skal folk eigentleg gjera når dei kjem over eit husdyr som har gått seg bort? Ofte blir svaret avliving.

– I vinter var det mange innlegg om bortkomne kattar på Facebook. Nokon hadde funne ein skadd katt eller ein død katt, og så kom spørsmålet: Er det nokon som har ein chip-lesar?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Veterinærane har ein slik lesar. Tenesta er gratis, men det er ikkje alltid at det er ope. No slepp ein å reisa heilt til veterinærvakt for å få lese av. Me i Oskatten kan jo ikkje rykkja ut kvar gong noko slikt skjer heller, seier Mariann Særvold Sælen.

Så kom dei på den lure idéen å kjøpa ein chiplesar som skal vera til bruk for alle. Og ved hjelp av folkefinansierings-tenesta Spleis vart ei rekkje privatpersonar og Varde Media med på å betala for chiplesaren.

Løyste hovudpine for brannvesenet

Dette tiltaket passa tilfeldigvis som hand i hanske for brannsjef Stein Gjøsund og ordensmakta sitt ønske om å betre kunna følgja opp slike saker, og spesielt når husdyr blir påkøyrde.

Etter at Torkel Erdal hadde gjeve scannaren til brannsjefen vart det fest med snittar og kaker.
Etter at Torkel Erdal hadde gjeve scannaren til brannsjefen vart det fest med snittar og kaker.

– Me hadde allereie fått førespurnad frå politiet om me kunne gå til innkjøp av ein chiplesar. Men då måtte eg svara at eg ikkje hadde budsjettmidlar til det. Og no løyser det seg altså takk vere denne gåva frå Oskatten, seier Gjøsund.

Dersom det gjeld eit dyr som er skadd, til dømes påkøyrt av ein bil, skal alltid politiet varslast på tlf. 02800. Politiet kan deretter syta for scanning via apparatet på Moberg.

– Det hastar litt meir når dyret er skadd, og det ligg dessutan under politiets ansvarsområde. Men dersom dyret er dødt, kan folk sjølve oppsøkja oss Moberg - i arbeidstida vel og merka, seier Gjøsund.

Chiplesaren er kopla opp mot ein database (dyreid.no) der alle dyr som er chippa hos veterinær er registrert.

– Me er utruleg glade for den samarbeidsviljen me er møtt med her i Os av brannsjefen. Me veit om andre kommunar der dette ikkje har vore møtt med ei ja-haldning, seier Solveig Lyngbø.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ikkje dump ansvaret over på andre

Brannsjefen presiserer at dei ikkje har kapasitet til å oppbevara skadde eller døde dyr oppe på brannstasjonen.

– Dette er ei teneste for å finna eigaren, slik at eigar kan ta hand om dyret.

– Kva skjer dersom dyret ikkje er merka?

– Då må dyret leverast inn (til veterinær) eller gravast ned, seier Gjøsund.

– Og kven har ansvaret for det dersom ein ikkje veit kven eigar er?

– Alle har ei eiga hjelpeplikt, så det går ikkje an å berre dumpa eit dyr på brannstasjonen og så overlata ansvaret til andre. Det er den som er først på staden når eit dyr blir funne, som har ansvaret, seier Særvold.

ol@osogfusa.no