I boks: Julehandelen er i boks for Anita og Odin (3).

Kvifor ikkje vera effektiv? Anita tok alle julegåvene på éin dag

Med ein treåring i vogna er det imponerande å få handla unna alle julegåvene på éin og same dag.

— Alt går! Ein må berre ha litt tolmod og leggja litt til rette, seier Anita.

Småbarnsmora frå Fana hadde vogna full då Os & Fusaposten møtte ho fredag ettermiddag. På toppen av det heile var alle gåvene pakka inn.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Eg har faktisk ikkje heilt teljinga, men eg meiner det skal vera godt over 20 gåver, smiler ho.

I vogna hadde ho med seg tre år gamle Odin. Han såg ut til å byrja å kjeda seg noko.

Distraksjon: Traktoren fengja Odin ei god stund.

— Han fekk denne vesle traktoren her då me starta. Den har han leika mykje med, men no byrjar han å bli litt lei, fortel mora.

— Kor lenge har de handla?

— Det er berre eit par timar.

— Og då har du fått unna alle julegåvene?

— Nesten. Eg har nokre få igjen, så er det tid til andre ting i julemånaden, smiler ho nøgd.

Les også
Smadrar fjorårets fredag: — Det er ingen tvil om at kjeder som oss gjer det ekstra godt i desse tider