Klokka som alltid er tre: Klokka som alltid er tre er borte. Peder Fløysand håpar syndarane angrar og leverer han tilbake.

– Kvifor kan ikkje ei klokke i eit tre få hengja i fred?

– Er tida gått i frå oss? Kan ikkje folk oppføra seg lenger, spør Peder Fløysand retorisk etter at klokka ved Knutabrua no er forsvunnen.

Fløysand er berre ein av mange frivillige som har jobba og stått på for å rusta opp og tilrettaleggja turområdet kring Knutabruo i Osmarka. Undervegs har dei fått mykje skryt og heider for innsatsn, men øydelegging og hærverk er også noko dei har fått erfara. Då er det at frasar som «Utakk er verdsløn» dukkar opp i hovudet til karar som Peder.

Mykje tyder på at enkelte på tur i Osmarka slett ikkje vil bli minna på kva klokka er.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Klokka har vore populær sidan starten. Eg hugsar ei gjeng med barnehageborn som kom frå Sandsli. Dei hadde vore i skogen der før. Det første borna spurde om var «Kvar er klokka», fortel Fløysand.

Artig klokka

Alt like etter opninga av Osbruo hengde brukameratane opp ei klokke i eit tre på austsida av elva. Klokka var ei gåve frå Jan Rotnes. Dessverre gjekk det ikkje så veldig lange stunden før uvedkomande prøvde stansa tida.

– Den første klokka som me hang opp klarte nokon å knusa glasset på. Så fekk me ny, og no har folk forsyne meg skrudd ned heile klokka og stukket av med han, sukker Fløysand.

Han vedgår at episodar som dette er sterkt demotiverande for folk som står på frivillig for å gjera det flott og koseleg i turområdet i Osmarka.

– Det er nesten som ein mister gnisten til å gjera noko for fellesskapet, konstaterer Fløysand.

Han vedgår at det kanskje høyrast litt dramatisk ut, men han klarar ikkje frå seg frå kor tåpeleg det er når folk øydelegg.

– Om nokon der ute no sit og angrar seg, så håpar me at dei har vett til å levara klokka tilbake. Dei må gjerne ta kontakt med meg, seier Fløysand.