Benkane på plass: Her er den eine av benkane trygt plassert i Mobergsvika. Frå venstre - Bjarne Drange og Sverre Holm. Bak - Per Solberg. Alle frå Lions Club Os.

Kvilebenkane er på plass

Onsdag i førre veke vart to kvilebenkar sett ut - éin ved Luranetunet og éin i Mobergsvika.

Desse benkane er ei gåve frå Lions Club Os.

Det var Bjørn Sivertsen frå Bjørnafjorden Eldreråd som kom med forespørsel om Lions Club Os ville sponsa desse benkane. Dette ville klubben vera med på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skilt: Dette fine skiltet prydar begge benkane.

Benkane er solid laga av Byggmester Skaatun AS og Lions Club Os har fått fine skilt på som prydar benkane.

Håper desse benkane kan bli til glede for dei som går tur i områda.

Lions Club Os