Lensmann: N/A

Kvinna er funnen

Politiets hundepatrulje eskorterer kvinna ned frå Lyshornet.

Det var litt etter klokka 17 laurdag ettermiddag at politiet melde på Twitter at ei kvinne hadde gått seg vill under ein fjelltur på Lyshornet.

Kvinna var uskadd, men fann ikkje stien.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet rykka ut saman med Røde Kors og Norske Redningshunder.

Litt før klokka 20 melde politiet på Twitter at dei hadde kome i kontakt med kvinna og at dei fylgjer henne ned frå fjellet.