Rusa bak rattet: Politiet kan koma til å krevja tap av førarretten for alltid.

Kvinna rusa seg, køyrde bil og mista lappen. Så vart ho stoppa på ny.

Det hevdar politiet i ein fersk tiltale.

Seint på kvelden 16. november i fjor vart kvinna i 40-åra stoppa av politiet på Byvegen i Bjørnafjorden.

I handveska hennar fann dei to gram amfetamin, om lag seks gram marihuana og 78 Ksalol-tablettar som inneheld det narkotiske virkestoffet alprazolam.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho er vidare tiltalt for å ha køyrt bil medan ho var påverka av fleire narkotiske virkestoff.

Kvinna vart fråteken førarkortet på staden.

Seint på kvelden den 23. november, altså berre ei veke seinare, vart ho igjen stoppa av politiet på Byvegen. Ho sat då bak rattet på same bilen som sist, men denne gongen hadde ho ikkje gyldig førarkort.

Kvinna er no tiltalt for ulovleg oppbevaring av narkotika og brot på Vegtrafikklova. Påtalemakta kan koma til å krevja tap av førarretten for alltid når saka kjem opp i Hordaland tingrett til hausten.