Ein mann gjekk over grensa ved utestaden Irish Cat i natt (arkivfoto).
Ein mann gjekk over grensa ved utestaden Irish Cat i natt (arkivfoto).

Kvinne antasta i natt

Klokka 1.30 i natt vart ein mann meldt for å ha befølt ei kvinne på utestaden Irish Cat.

- Det dreier seg om ein mann som har gått over grensa, og tafsa på ei kvinne. Dette skjedde på utestaden Irish Cat, og politiet har sett i gang etterforsking på bakgrunn av kvinna si politimelding, seier operasjonsleiar Hans Erik Thue i Vest politidistrikt.

 

Artikkelen held fram under annonsen.

 

Ordensforstyrringar

Politiet hadde elles mykje å henga fingrane i natt til sundag av mindre alvorlege forhold, opplyser Thue. 

Det dreier seg mellom anna om slåsting ved taxisentralen, krangling og fyll særleg kring stengetid i 3-4-tida.