Utrykking: Ei kvinne skal ha blitt henta av luftambulansen i Steindalen laurdag.

Kvinne frakta bort i luftambulanse etter illebefinnande i Steindalen

Ved hjelp av hytteeigarar og lokale, blei kvinna frakta til ein stad der luftambulansen kunne landa.

Ein mann og ei kvinne skal ha vore i nærleiken av Steindalsvatnet laurdag ettermiddag då sistnemnde plutseleg kjende seg dårleg. Mannen skaffa hjelp av folk i nærområdet, som var snare med å rekvirera helsehjelp.

Luftambulansen fann ikkje landingsstad ved vatnet, og kvinna måtte fraktast ut med ein ATV. Ved luftambulansen venta brannvesenet i tillegg til medisinsk personell.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Vi assisterte helse på eit oppdrag i Steindalen ved Midtsæter. Det var vanskeleg å koma fram, så vi frakta helsepersonell og utstyr på ATV, fortel brannsjef Eivind Hovden.

Kvinna skal ifølgje dei som var i området, ha blitt sendt direkte til Haukeland sjukehus med luftambulansen.