Politiet skal ha hatt nok å gjera på frå laurdag til søndag.
Politiet skal ha hatt nok å gjera på frå laurdag til søndag.

Kvinne hadde ikkje råd til å overnatta, blei teken hand om av politiet

Ei kvinne som var på ferie i Noreg, skal ikke ha hatt ressursar nok til å overnatta på overnattingsstadane i bygda.

– Vi blei kontakta då kvinna ikkje hadde dekning til å betala for seg. Ho opplyste å vera på ferie i Noreg. Dette skjedde laurdag kveld. Kvinna blei seinare teken hand om av legevakta, fortel vakthavande ved Os lensmannskontor.

Etter at politiet hadde vore påulukka på Rød i Hegglandsdalen, fekk dei melding om ein utagerande mann på Elkjøp Os.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mannen skal ha vore truande mot personalet. Då vi kom til staden hadde vedkomande gått frå butikken. Forholdet er førebels ikkje meldt. Dei vil ta stilling til det. Politiet kjenner identiteten til mannen.

Seinare stoppa politiet ein ungdomsbil.

– Bilen var ikkje etter forskriftane. Det blei skriven ut ein mangellapp til guten i starten av 20-åra.