Koronavirus: Til no har fire bjørnafjordingar fått påvist koronasmitte.

Kvinne har fått påvist koronaviruset: Smittevegen er ukjend

Ei kvinne i 40-åra i Bjørnafjorden kommune har testa positivt for koronaviruset covid-19 i dag, 19. mars.

Det opplyser Bjørnafjorden kommune på nettsidene sine.

– Kvinna har gitt oss god oversikt over bevegelsesmønsteret sitt, og personane ho og familien har vore i kontakt med er varsla, seier smittevernlege i Bjørnafjorden kommune, Bjørn Petter Johannesen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kvinna som testa positivt i dag, blei testa fordi ho tilhøyrer ei risikogruppe. Ho skal ikkje vere alvorleg sjuk.

Totalt er det no fire tilfelle av påvist koronasmitte i Bjørnafjorden kommune. I tillegg til dette tilfellet, testa éin person positivt 11. mars og to personar 14. mars.