Koronavirus: Ei kvinne i 20-åra i Bjørnafjorden kommune har testa positivt for covid-19 Foto: Illustrasjon

Kvinne i 20-åra har testa positivt for covid-19

Det melder kommunen på heimesida si.

Ei kvinne i 20-åra i Bjørnafjorden kommune har testa positivt for covid-19. Smitteveg er kjend og kjem frå arbeidsplass i Bergen.

— Alle nærkontaktar er informerte og sett i karantene, opplyser assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale, i ei pressemelding torsdag kveld.