Legevakt: Politiet har oppretta sak etter hendinga.

Kvinne i parkert bil på Søfteland vart teken med til legevakt

I tillegg har politiet hatt ny kontroll på Halhjemsvegen.

Torsdag kveld, ein halvtime før midnatt, kontrollerte politiet eit køyretøy i Søftelands-området.

I førarsetet sat ei kvinne i slutten av 40-åra. I fylgje politiet var ho åleine i bilen og mangla gyldig førarkort. Ho var åleine i bilen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet gjorde funn av mogleg narkotika i bilen.

Kvinna vart deretter køyrd til legevakta for blodprøve. Politiet har oppretta sak.

Same kveld, like før midnatt, vart eit parkert køyretøy nær Amfi Os, påkøyrd. Bilen skal ha stukke av frå staden. Politiet jobbar no med å få inn opplysningar om hendinga.

Halhjemsvegen

I 13-tida torsdag gjennomførte politiet trafikk- og laserkontroll i 70-sona på Halhjemsvegen.

Resultatet vart sju forenkla førelegg for fart og to for mobilbruk.

Høgste målte fart var 103 km/t. Det betyr 14.500 kroner til statskassa.

Det var ingen utslag på promillekontrollen.

Ein halvtime seinare stilte ein ny politipatrulje seg opp på same staden. Her vart resultatet seks forenkla førelegg, og høgste målte fart var 86 km/t.

Artikkelen held fram under annonsen.