E39: Kvinna vart stoppa i retning Bergen.

Kvinne køyrde 181 (!) km/t i Lyshorntunnelen

Kvinna vart stoppa i retning Bergen.

Like før klokka 16 melder politiet på x at dei har stoppa ein kvinneleg sjåfør i 50-åra på E39.

Kvinna vart målt til 181 km/t i 100-sona i Lyshorntunnelen i retning Bergen.

Artikkelen held fram under annonsen.

I fylgje BA skal Utrykningspolitiet ha fulgt etter henne ei kort strekning før dei stoppa henne.

Ho er fråteken førarkortet og vert meld for forholdet.