Må i heimekarantene: Tilsette og heile første trinn, må i heimekarantene etter at det er påvist koronasmitte på Søfteland skule.

Lærar på Søfteland skule har fått påvist covid-19: Førsteklassingane er i heimekarantene

Alle nærkontaktar skal ha fått beskjed.

Ein lærar på 1. trinn ved Søfteland barneskule har testa positivt for covid-19.

Som følgje av dette må alle 30 elevane på trinnet og fire tilsette ved skulen i karantene fram til og med 6. november (10 dagar frå sist nærkontakt med den smitta) for å hindre potensiell smitte. Alle nærkontaktar er varsla.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunen og rektor følgjer opp den smitta læraren, elevane og dei tilsette som er i karantene. Alle føresette til elevar på 1. trinn fekk melding frå rektor seint i går kveld, kort tid etter at kommuneoverlegen fekk beskjed om positiv prøve frå laboratoriet på Haukeland.

Ingen i klasserommet: Det vil den neste tida, ikkje vera førsteklassingar på skulen.

Smittevegen er kjend.

Helsepersonell i kommunen vil kontakte alle dei føresette på 1. trinn i dag, fredag, for å gje meir informasjon og rettleiing.

Det er berre elevane som er i karantene, ikkje dei andre i husstanden. Elevane treng ikkje teste seg før dei eventuelt utviklar symptom på luftvegsinfeksjon, men må uansett halde seg i karantene heile perioden. Elevane vil få heimeundervisning medan dei er i karantene.

Andre elevar og tilsette kan gå på skulen som vanleg

Det er ingen grunn til å tru at andre elevar eller tilsette ved skulen har vore utsette for smitte i dette tilfellet. Dei skal difor gå på skulen som vanleg.