Her var det koseleg!
Her var det koseleg!

Lærdom ein MÅ kunna, men aldri har lyst å få bruk for

Såg du sterke lys som skein over Vinnes onsdag? Maritimt tryggleikskurs på Vinnesholmen var grunnen.

Vinnesholmen Kystlags Maritime tryggleikskurs var eit populært tiltak. På programmet stod opplæring i mellom anna nødbluss, bruk av røyksignal og håndbluss og opplæring i brannsløkking.

Fyrste gongen

Primus motor for kurset var Roger Hoel i kystlaget. Hoel har jobba i kystvakta i 15 år og har vore med på mange redningsaksjonar. Han fortel at tryggleikskurset føyer seg inn i ei lang rekke aktivitetar i regi av kystlaget gjennom året.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kurset onsdag var for både vaksne og born, og dei følgde ivrige med på den viktige lærdomen.

- Veret var på vår side og eg er svært godt nøgd med gjennomføringa, særleg med tanke på at dette var fyrste gongen med eit slikt tryggleikskurs, smiler Hoel.

Frå Sagvåg til Istanbul

Ein av dei som deltok på kurset, var Øivind Sanden. Han var fyrste gong i kontakt med Roger Hoel ei bekmørk novembernatt då han kom seglande heile vegen frå Stord til Vinnesholmen. Her møtte han Hoel, som også er formann i båtlaget på Vinnes. Under besøket fekk Sanden høyra om det maritime tryggleikskurset.

Brannsløkking var ein av postane på programmet.
Brannsløkking var ein av postane på programmet.
Kursleiar Roger Hoel (f.v) i lag med Morten Stigen og Øivind Sanden. Sistnemnde var på kurs før planlagd tur frå Sagvåg til Istanbul med båt.
Kursleiar Roger Hoel (f.v) i lag med Morten Stigen og Øivind Sanden. Sistnemnde var på kurs før planlagd tur frå Sagvåg til Istanbul med båt.
Dei som ville fekk prøva på seg på ein dukkert i overlevingsdrakter.
Dei som ville fekk prøva på seg på ein dukkert i overlevingsdrakter.

Onsdag var han på plass att, med ein ekstra god grunn til å ta del i kurset. Sanden har nemleg ein draum om å ta sjøvegen gjennom heile Europa frå Sagvåg til Istanbul, og tilbake. Ein tur som etter planen skal ta tre år.

Sanden har sjølvsagt kjøpt seg alt naudsynt redningsutstyr til turen, og med tryggleikskurs på Vinnesholmen i bagasjen skulle alt vera klart.

Begeistra fortel han at kurset har vore svært lærerikt og at han har fått mykje god kunnskap å ta med seg på tur.