Laga video for å hylla den nye vegen

Då nyvegen mellom Vinnes og Skjørsand endeleg var ferdig, laga 14 år gamle Marius Haga Skår like godt ein video for å hylla resultatet.

Kenneth Svenningsen

kenneth.svenningsen@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Nær to år har det teke å utbetra og fornya vegen mellom Vinnes og Skjørsand i Fusa. Den nye vegen vart forsåvidt opna i desember, men først i slutten av denne månaden, overtek Vegvesenet vegen frå entreprenørane i Vestafjell AS.

- Arbeidet har gått greitt. Me har hatt litt stenging undervegs, men det er jo uunngåeleg, når ein skal gjera eit såpass omfattande arbeid, seier anleggsleiar i Vestafjell, Rune Bruvik.

Truleg 60-sone

Entreprenørane har framleis anleggsskilta ståande, men frå februar vert desse tekne bort, og erstatta av vanlege fartssone-skilt.

- Me har litt småplukk å gjera fram til det, men det skal me bli ferdige med, seier Bruvik.

- Kva vert fartsgrensa på strekninga?

- Det er det vel Vegvesenet som best kan svara på.

- Eg har høyrt det nemnt at det blir 60-sone. Høyrest det sannsynleg ut?

- Hehe, ja, det liknar på det talet eg og har høyrt, humrar Bruvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etterlengta veg

At bebuarane i området er glade for vegen, er det ingen tvil om. «Os og Fusaposten» har til og med fått ei gladmelding frå slektningar av fusingar i Vinnes-Skjørsand-området.

- Hei, mitt namn er Marius Haga Skår og eg var på besøk hos familien min i Fusa for å feira nyttår. Under besøket tok me ein køyretur på den nye vegen mellom Vinnes og Skjørsand. Eg synest det var blitt så bra, at eg bestemte meg for å laga ein liten videosnutt av vegstykket, skreiv Marius, som sjølv er busett i Bergen.

Lokalavisa takker og bukkar for den gode jobben, og nyttar høvet til å visa alle våre lesarar den flotte vegen, som me her får sjå i noko "høgredigert" fart frå bak dashbordet i bilen til foreldra til Marius Haga Skår.

Den filminteresserte ungdomen har forøvrig sin eigen filmkanal på YouTube der han kallar seg Kaptein Norge.