Brannsjef Stein Gjøsund meiner at haldningsskapande arbeid er ein nøkkel til kvifor talet brann i bygningar er så mykje lågare no enn for berre seks år sidan.
Brannsjef Stein Gjøsund meiner at haldningsskapande arbeid er ein nøkkel til kvifor talet brann i bygningar er så mykje lågare no enn for berre seks år sidan.

Lågaste talet brann i bygning på 20 år

I Os brannvesen sin statistikk, som går tilbake til 1999, er det ikkje registrert færre brannar i bygningar enn i fjor.

– Brann i bygning, som det heiter i statistikken, omfattar ikkje berre bustad. Andre bygg, næringsbygg til dømes, er også med i statistikken. For at det skal koma med i statistikken må det vera eld laus i bygningen, seier brannsjef Stein Gjøsund.

Talet for 2017 syner fire brannar i bygningar. Det er rett nok berre ein færre enn i fjor, men ein skal ikkje lengre tilbake i tid enn til 2013 for å finna heile 13 brannar. I 1999 blei det registrert 20 brannar i bygningar. Det talet er spesielt høgt av ein grunn, fortel Gjøsund.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då var det ein eldspåsetjar laus i Os. Ei kvinne sette fyr på ein del hus. Det er det som er farleg med statistikk. Ein sjuk person kan øydeleggja statistikk for all framtid, så vi er forsiktige med å vera for bombastiske.

Overraskande stabilt tal

– Kva trur du grunnen er til at talet har vore stabilt lågt dei siste åra?

– Personleg meiner eg at det er grunna innstrammingar sentralt. Plan og bygningslova er stramma inn. Det er også brannlova og førebyggjande forskrift. I tillegg har vi vore veldig bevisste på haldningsskapande arbeid. Alle sjetteklassingane kjem innom og får undervising her. Barnehagane er anten innom eller så er vi ute og vitjar dei. Eg har stor tru på desse dryppa blant born og unge. Førebyggjande er også jamt og trutt på tilsyn. Det løftar branntryggleiken, seier Gjøsund.

Andre tal i statistikken som brannsjefen ønskjer å kommentera er talet som syner legekøyring. I 2013 var talet 331. I fjor var det berre 76.

– Det har samanheng med at det er oppbemanna på legevakta.

Talet dykkaroppdrag har også auka med åra.

– Vi er to brannvesen i Hordaland som gjer redningsdykking. Meir og meir fell nok på oss, seier Gjøsund.

Statistikken viser ikkje nedgang i trafikkulukker, men i realiteten er det ein nedgang, meiner Gjøsund.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Talet trafikkulukker er overraskande stabilt. Men det er større trafikk på vegane no, så på eit vis er det ein nedgang. Vi har fått betre vegar, og sjølv om fartsgrensa er høgare, blir det ikkje fleire ulukker. Når dei då først skjer, er det meir alvorleg. Frå 2012 fram til og med 2017 er tala: 21, 19, 17, 19, 21 og 26.