Holmen: Kystlaget inviterer sjukepleiarar, helse- og omsorgsarbeidarar, pleieassistentar og vernepleiar til å koma og nytta hytta på Vinnesholmen gratis.

Låner hytta bort gratis til helsearbeidarar: — Dei har verkeleg stått på

Vinnesholmen Kystlag fortel at dei kjem til å booka fortløpande.

I eit innlegg på Facebook fortel Roger Hoel, formann i Vinnesholmen Kystlag, at dei set pris på innsatsen til sjukepleiarar, helse- og omsorgsarbeidarar, pleieassistentar og vernepleiarar. Det ønskjer dei å visa. No vil dei låna bort hytta på Vinnesholmen gratis, slik at ein kan kvila ut ein dag eller to i ei travel koronatid. Dette gjeld resten av året 2020.

— Vi kjem til å booka fortløpande, fortel Hoel.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Saka er den at sesongen er over. Vi har mykje ledig kapasitet, og vi har vore gjennom ei tøff tid. Dei arbeidarane som vi inviterer her, har verkeleg stått på — landet over — for så vidt.

Formann i kystlaget, Roger Hoel.

Tilbodet går ut til bjørnafjordingar. Dei som er freista av dette, kan kontakta kystlaget.

Bygningen er eigd av kommunen. Avtalen med kystlaget går på at dei skal stella fint med bygget og ta vare på det.

— Ein gong i tida var det ei gamal dame som eigde plassen. Ho hamna etter kvart på sjukeheimen i Fusa, der ho blei tatt så godt vare på av personellet, at kommunen fekk arva plassen. Hennar tanke var at dei som hadde vore så flinke til å ta vare på ho, skulle ha ein stad å gå til for å kvila, fortel Hoel og held fram:

— Plassen blei diverre ikkje tatt vare på, og stod til forfall før bygdefolket på Vinnes tok vare på det og pussa opp. Kystlaget har i seinare tid halde fram det gode arbeidet her.