Tid for omstilling: Dersom verksemdene har spørsmål til tilskotsordninga, vert dei bedne om å ta kontakt med næringssjef Elin Thorsen Kløverød.

Lanserer «Grøn næringsutvikling» for verksemder som satsar grønt

Som del av den nye næringspakken som vart vedteken av formannskapet førre veke, har Bjørnafjorden kommune etablert ei ny tilskotsordning til støtte for privat næringsliv som ønskjer å satsa grønt.

– Det er sett av 300.000 kroner til prosjektet, og bedrifter kan søkja om inntil 30.000 kroner i støtte, fortel ordførar Trine Lindborg.

Det nyoppretta næringsfondet, som vart vedteke i Bjørnafjorden formannskap sitt møte 17. april, er på 2,7 millionar kroner. Den første tilskotsordninga knytt til fondet, er «Grøn næringsutvikling».

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det vert jobba svært godt mellom næringsavdelinga, Bjørnafjorden næringsråd og NAV for å koma opp med gode og framtidsretta prosjekt for verksemder i Bjørnafjorden. Dette er første prosjekt ut, seier Lindborg og oppmodar verksemder i kommunen om å følgja med på utviklinga i tida som kjem.

– Det kjem endå ei nyhende tidleg i neste veke, påpeikar ho.

Les også
Vil styrkja satsinga med tiltakspakke. Lanserer næringsfond på 2,7 mill.

Behandlinga av søknadene startar 4. mai

I krisetidene ein er inne i, er det mange verksemder som må omstilla seg. I tråd med Bjørnafjorden kommune sitt mål om nullutslepp innan 2030, ønskjer kommunen å byggja opp under grøn næringsutvikling ved å gi direkte tilskot til lokale verksemder som vil driva grøn omstilling, går det fram av ei pressemelding frå kommunen.

Tilskotsordninga har altså fått namnet «Grøn næringsutvikling», og har til saman 300.000 kroner å dela ut.

– Grøn næringsutvikling og grøn konkurransekraft inneber ei bevisst satsing på å redusera klima- og miljøbelastninga, samstundes som verdiskaping og auka sysselsetting er i fokus. Å sjå moglegheiter til forbetring rundt seg, utnytta dei ressursane vi har på ein smartare måte, innhenta kunnskap og ta i bruk ny og reinare teknologi, er alle gode faktorar som vil kunne bidra til utsleppsreduksjonar, heiter det i pressemeldinga.

Vidare peikar kommunen på at med «Grøn Bjørnafjord»-prosjektet har ein allereie ei fyrtårnsatsing innan grøn konkurransekraft.

– No utvidar vi denne satsinga for å gje rom for at fleire verksemder kan starta arbeidet med grøn omstilling, heiter det.

Verksemder som har spørsmål til tilskotsordninga, vert bedne om å ta kontakt med næringssjef Elin Thorsen Kløverød. Behandlinga av søknadene startar 4. mai. Midlane vert tildelte fortløpande så lenge det er pengar i potten.

Artikkelen held fram under annonsen.