I dag får Os legevakt nytt, lokalt telefonnummer. Terese Bodin-Hetland understrekar at det ny-gamle 116 117-nummeret også sjølvsagt vil vera "i drift".
I dag får Os legevakt nytt, lokalt telefonnummer. Terese Bodin-Hetland understrekar at det ny-gamle 116 117-nummeret også sjølvsagt vil vera "i drift".

Lanserer nytt, lokalt naudnettnummer

Frå og med i dag vert Samnanger og Os legevakt å nå på nytt, lokalt telefonnummer.

I samband med utviklinga av det nye naudnettet i Noreg får Samnanger og Os legevakt no eit nytt lokalt nummer. Det nye nummeret er 56 57 03 70.

- Dette nummeret vert aktivisert frå og med i dag, onsdag. Det gamle lokale 815-nummeret vert avvikla til same tid, seier administrerande leiar ved Samnanger og Os legevakt, Terese Bodin-Hetland

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi oppmodar befolkninga til å kontakta legevakta på 116 117, som er det nye nasjonale telefonnummeret til legevaktene i Norge. Men skulle du likevel ha behov for å ringa lokalt nummer kan du altså ringa 56 57 03 70.

To nummer i bruk

Det nye nasjonale 116 117-nummeret, som vart lansert i fjor, er altså også mogleg å nå legevakta på.

- Her i Os er me legevaktsentral for Samnanger, Os, Fusa og Austevoll. Om ein ringjer frå ein av desse kommunane, vil ein kunna nytta 116 117-nummer og automatisk bli sett over til oss. Det nye lokalnummeret er til bruk for personar som er i utlandet, eller ikkje oppheld seg i nokre av dei fire kommunane som me er sentral for, forklarer Bodin-Hetland.