Fartskontroll: Politiet stilte seg opp laurdag kveld.

Laserkontroll, men ikkje på den vanlegaste plassen

Resultatet vart eit forenkla førelegg.

Laurdag klokka 22 gjennomførte politiet ein laserkontroll i 50-sona på Skeisflaten på Nore Neset.

Ein bilist køyrde i 61 km/t og fekk eit forenkla førelegg. Satsen for dette er 5.400 kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klokka 23 vart ein lett motorsyklist ilagt eit forenkla førelegg for ikkje å ha stoppa ved stoppskiltet i Lepsøykrysset.

Satsen for dette er 9.700 kroner.