Lasertag, airhockey, promillebriller og elektrosjokk-band er noko av moroa ein kan ta del i på Hitzone når det opnar over Europris i mai.
Lasertag, airhockey, promillebriller og elektrosjokk-band er noko av moroa ein kan ta del i på Hitzone når det opnar over Europris i mai.

Lasertag og airhockey kjem til AMFI Os

Aktivitetssenteret Hitzone opnar i andre høgda over Europris i løpet av mai.

Hitzone er eit spesiallaga konsept meint for å passa i tilknyting til eit kjøpesenter.

– Aktivititetssenteret vil ta både drop-in-kundar og booking-kundar. Så her er det bare å ramla innom for å feira barnebursdag, utdrikningslaget, ha teambuilding med kollegaer, eller berre ha det kjekt med vennegjengen, seier Pål Helsing i Hitzone AS i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lasertag og airhockey

Hitzone samarbeider med verdsleiande produsentar innen lasertag og airhockey. Lasertag er eit skytespel for to til fleire spelarar, der ein får på seg ein vest med lyspunkt og ein laserpistol. Så konkurrerer ein mot kvarandre og får resultat på skytinga etter endt omgang.

– Det som er velig moro er at det aller første EVO-6 lasertagutstyret i Noreg kjem til Os når me opnar der i slutten av mai.Dette er den siste toppmodellen for lasertag som blei verdslansert i midten av 2018, fortel Helsing.

Han legg til at Hitzone kjem til å jobba tett med senteret med tanke på happenings, og at dei ønskjer å komplementera senteret med å vera den aktøren som gjev aktivitet og action.

Testkøyring for sentertilsette

Planlagt opning er seinast midten av mai.

Før det nærmar seg opning vil Hitzone invitera alle på senteret for testkøyring av utstyret.

– Då får dei tilsette ved senteret halda av nokre timar til spel og moro, seier Helsing.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no