Lastebil avskilta på Halhjem ferjekai

UP starta dagen på Halhjem. Biletet kun for illustrasjon.

UP starta tysdagen i Bjørnafjorden.

Frå kl. 8.20 til 8.50 gjennomførte UP ein promillekontroll på Halhjem ferjekai.

Det opplyser Vest politidistrikt på X.

Artikkelen held fram under annonsen.

31 førarar vart kontrollerte, utan eit einaste utslag.

Det UP derimot fekk i garnet, var ein lastebil som ikkje hadde blitt framstilt for kontroll.

Dermed vart han avskilta på staden.