Lastebilen var nære på å skli utfor bratt skrent.
Lastebilen var nære på å skli utfor bratt skrent.

Lastebil utfor vegen - nære ved å skli utfor bratt skrent

– Det kunne ha gått mykje verre. Han var heldig, seier politiet.

Sjølv om det var gode dekk på lastebilen, hamna det store køyretøyet i grøfta.

– Vi fekk inn meldinga rett før klokka halv elleve. Sjåføren hadde fått skli på lastebilen og delar av bilen hamna på utsida av vegen ved ein bratt skrent på Skjelbreid. Det kunne ha gått mykje verre, om bilen berre hadde sklidd litt lenger, seier politibetjent, Kjartan Svendsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Opprettar ikkje sak

Det var strødd på staden. Men det var eit lite parti der det var klink is.

– Føraren køyrde roleg, men mista likevel grepet. Det er ikkje oppretta sak, seier Svendsen.