Debatten om monsterbruprosjektet over Bjørnafjorden starta i Os, men har no spreidd seg til store delar av fylket vårt, etter kvart som det går opp for jamt fleire kva negative konsekvensar prosjektet vil få for realiseringa av konkurrerande vegplanar i fylket vårt.
Debatten om monsterbruprosjektet over Bjørnafjorden starta i Os, men har no spreidd seg til store delar av fylket vårt, etter kvart som det går opp for jamt fleire kva negative konsekvensar prosjektet vil få for realiseringa av konkurrerande vegplanar i fylket vårt.

Lastebileigarens skrekk: Kan vinden ta lastebilane på Bjørnefjorden?

Kor mykje vind må til for at tomme lastebilar kan velta på Bjørnefjordsbrua? Eit svært relevant spørsmål, seier Mathias Eidem, leiar for fjordkryssingsprosjektet.

Øystein Lid

ol@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

12. januar i år velta tilhengaren på ein personbil på Sotrabrua på grunn av kraftig sidevind. 9. august i fjor, då ekstremvêret Lena i fjord trefte Vestlandskysten, velta ein bubil på Lysefjordbrua i Rogaland. I januar 2008 måtte Boknasundet bru stenga etter at ein varebil med tom tilhengar lei same skjebne.

Dette er berre eit lite knippe av hendingar på Vestlandsbruer. Felles for desse tilfella er at bruene vart stengt først etter at ulukka var ute.

Fryktar vind på open sjø

Hans Arvid Austestad frå Fusa, som har lang erfaring innan både langtransport og regional transport, har sett nok velteulukker til at han er uroa.

- Eg har køyrt mykje gjennom Europa tidlegare. Når det var vind såg du ofte, særleg på flate stader som Holland, at bilar var gått over ende. Bjørnefjorden er på same måte - det er flatt slik at vinden kan byggja seg opp i styrke, seier Austestad som i dag driv sitt eige transportfirma.

- Tomme lastebilar er særleg utsett for dette?

- Ja, ein tom semitrailer er veldig lett. Det same gjeld tilhengjarar med presenningstak. Det blir akkurat som eit segl i sterk vind. I dag vert lastebilar stadig oftare bygt lettare for å få plass til meir last. Er dei i tillegg høge, får dei eit litt av eit vindfang og kan lett fyka over ende, seier Austestad, og legg til:

- Eg trur at ei bru over Bjørnefjorden ofte vil bli stengt i dårleg vêr.

- Vindkasta er problemet

Spørsmålet er aktualisert av at Statens Vegvesen står midt oppe i arbeidet med å utføra vindmålingar på Bjørnefjorden. Som «Os og Fusaposten» skreiv nyleg, ventar dei på hauststormar for å få skikkelege data på kor mykje vind det faktisk kan bli på fjorden. Leiar for arbeidet, Mathias Eidem, seier at dei har fokus på problemstillinga med lastebilar og varebilar i samband med dette.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er eit veldig relevant spørsmål med tanke på ulukker me veit har skjedd på bruer i regionen, seier Eidem.

Han nyanserer påstanden om at det er dei flate strekkjene som er mest problemfylte.

- Det er vindkasta (turbulens) som er problemet. Det oppstår i størst grad der terrenget er kupert, så midt ute på fjorden er det lite turbulens. Inne med land, kan det derimot vera eit problem, seier Eidem.

Dei vurderer at ei bru over Bjørnefjorden ikkje vil vera meir utsett enn andre høge bruer, og viser mellom anna til Nordhordlandsbrua.

- Nordhordlandsbrua er den største flytebrua me har i Noreg. Den har berre vore stengt tre gonger på grunn av ekstremt vêr dei siste 20 åra. Mindre bruer som dei over Karmsundet og Boknasundet er oftare stengt, seier Eidem.

Vurderer vindskjerming

Dei vil uansett gjera ei evaluering av korleis vindstyrke kan påverka oppetida til brua. - Me vil bruka vindmålingane til å vurdera kor ofte ei bru må stengjast for varebilar og lastebilar på den eine sida, og kor ofte ho må stengjast for vanlege personbilar. Båe alternativa vil vurderast med og utan vindskjerming, seier Eidem.

Elles viser han til at det vil bli politiet som har mynde til å stengja brua dersom det er så sterk vind at det kan vera fare for liv og helse.

Os lensmannskontor sitt ansvar?

Lensmann Oddbjørn Dyrdal seier at vurderinga om kva tid brua må stengja vil skje i samspel mellom politiet, Statens vegvesen og Vegtrafikksentralen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Brua vil bli utstyrt med monitorarar, kameraovervaking og vindfølarar som vil gje direkte informasjon om vêrforholda. Vegtrafikksentralen sit på vêrdata, og så vil det bli politiet som utfører det praktiske i ei stenging av brua. Når det er fare for liv og helse vil politiet også kunna fatta avgjerd om å stengja brua sjølv, seier Dyrdal.

- Er det Os lensmannskontor som vil få denne oppgåva?

- Ja, eg reknar med at me vil få hovudansvaret for det lokalt.

- Kvar vil då den fysiske stenginga bli på Os-sida?

- Truleg i krysset ved Svegatjørn. Det blir nok både lysregulering og høve for å stenga vegen fysisk med bom - akkurat som ein fjellovergang.

- Kor ofte trur du dette vil bli aktuelt?

- Det vert nok ganske sjeldan. Eg trur at det blir uproblematisk 99,9 prosent av dagane i året. Men me har hatt stadig meir ekstremvêr i seinare tid, så ein skal ikkje heilt utelukka det, seier Dyrdal.