Tilbake i Oseana: For omlag eitt år sidan debuterte Eirik Søfteland og Tore Christer Storlid med konserten «Ei musikalsk reise» på Oseana. Laurdag kjem dei tilbake.

Laurdag er det klart for ei ny «musikalsk reise» i Oseana

Eirik Søfteland gjentek konsertsuksessen frå i fjor.

For omlag eitt år sidan debuterte Eirik Søfteland og Tore Christer Storlid med konserten «Ei musikalsk reise» på Oseana. Sidan den gong har dei to kameratane teke konserten med seg vidare rundt i Noreg og vore innom byar som Skien, Ålesund, Stad, Bergen, Haugesund og Fedje.

Førstkomande laurdag er dei tilbake i Oseana, og i eit nærast akustisk format, skreddarsydd for denne tidas publikumsavgrensingar, presenterer dei klassikarar frå artistar som Frank Sinatra, Deep Purple, Jan Eggum og Queen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eirik Søfteland hadde sitt gjennombrot med Idol (TV2), vann «Skal Vi Danse» (TV2) og var finaledeltakar på «Århundrets Stemme» (TV2). Han opna også NRK TV sitt årlege program «Idrettsgallaen» i 2020.