Lauslaten etter avhøyr
Mannen som blei avhøyrt i går mistenkt for brannstifint på Vartun, er lauslaten.
– Det er gjort undersøkingar på staden og avhøyr av personar, og det er ikkje lenger grunn til å mistenkja at vedkomande hadde noko med saka å gjera. Vi jobbar vidare med å finna brannårsaka, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Ubedne gjester
I 16-tida måndag, fekk politiet melding frå Os MC & MX klubb om at det hadde vore ubedne gjester i lokalet deira i Kolskogen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er gjort skader på anlegget, men ingenting var stolen, fortel Hadler-Olsen.
Ulovleg fiske
Litt seinare på kvelden måndag, fekk politiet melding om ulovleg fiske i sentrum.
– Det var to utlendingar som stod innanfor sonen som er freda. Dei blei forklart reglane og plasserte seg så der dei hadde lov til å stå, seier Hadler-Olsen.