Også i Høgre er dei glade for at ein intens valkamp no er over.
Også i Høgre er dei glade for at ein intens valkamp no er over.

Lave skuldrer hos Høgre

Mykje står på spel for Bjørnafjorden Høgre, likevel går dei valkvelden i møte med låge skuldrer.

– Ja, vi har heilt klart låge skuldrer, påstår tredjekandidat Ståle Skaathun.

I ein fint pynta Vognhallen står bollar med nachoschips og stettglas klare til alkoholfritt sprudlevatn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Partileiar Susanne Sperrevik står for serveringa og stiller med heimelaga tacogryte.

– Ikkje hummar og champagne når Høgre samlast?

– Nei, vi er jo partiet for folk flest, vi, ler Bjørn Matland, 18. kandidat.

Ventar på dronninga

Gjengen har rigga seg til med storskjerm på veggen og er klare til å fylgja valsendingane utover kvelden.

Enno har ikkje dronninga sjølv, Marie Bruarøy, meldt sin ankomst, men det legg ingen dempar på stemninga.

– Andre kjempar for å koma i posisjon, de risikerer å mista den. Det er mykje som står på spel?

– Ja, det er jo det, vedgår Matland.

– Vi er veldig audmjuke overfor veljarane, men no er det gjort. No er det berre å venta på resultatet, seier Sperrevik spent.

Artikkelen held fram under annonsen.

anne-marie@osogfusa.no