Dei to gründerane bak ByggemAppen er Jan Tore Grindheim og Ingvald Grindheim. Her i lag med næringssjef i Os, Daniel Skotheim, som i desember startar som salssjef i verksemda.
Dei to gründerane bak ByggemAppen er Jan Tore Grindheim og Ingvald Grindheim. Her i lag med næringssjef i Os, Daniel Skotheim, som i desember startar som salssjef i verksemda.

LEAN har inngått storkontrakt

Lean Konseptutvikling AS har inngått samarbeid med BoligPartner AS.

- BoligPartner har vald Fonn Byggemappen som vårt samhandlingsverktøy for alle utførande aktørar på våre byggeprosjekt, seier kvalitetsdirektør Hilde Skar i BoligPartner i ei pressemelding.

Fonn Byggemappen er designa slik at alle aktørar i eit byggeprosjekt kommuniserer direkte med kvarandre ved hjelp av bilete og tekst. Verktøyet skal sikra framdrifta i eit prosjekt og handtera eventuelle avvik på ein enkel måte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dagleg leiar i Lean Konseptutvikling AS, Jan Tore Grindheim, er svært glad for at ein av Noregs største bustadbyggarar har vald LEAN si løysing.

- Med BoligPartner i ryggen skal vi jobba kontinuerleg med å utvikla verktøyet vidare, seier han i ei pressemelding.

jostein@osogfusa.no