Pågang: Kommuneoverlegen fortel at legevakta i Bjørnafjorden for tida opplever ein enorm pågang frå «unødvendig bekymra foreldre».

Legevakta og legekontora opplever «enorm pågang» frå urolege foreldre

Mange er redde for at deira barn skal bli alvorleg sjuke av forkjølingsviruset RS.

– Heldigvis blir dei færraste barn alvorleg sjuke av dette viruset, fortel kommuneoverlege Klaus Melf.

Han forstår veldig godt at foreldre blir ekstra bekymra når barn får luftvegsinfeksjonar for tida.

Artikkelen held fram under annonsen.

RS-viruset går vanlegvis kvar vinter, men i år starta sesongen tidlegare enn vanleg og fleire blir smitta fordi ein er mindre motstandsdyktige etter halvtanna år med sterkt smittevern.

– Når fleire blir smitta, blir fleire sjuke - og då blir òg nokre fleire enn vanleg lagt inn på sjukehus, konstaterer Melf.

RS-viruset har fått mykje merksemd i media i det siste, og då er det klart at mange blir redde, konstaterer kommuneoverlegen. Han fortel at legevakta i Bjørnafjorden for tida opplever ein enorm pågang frå «unødvendig bekymra foreldre».

– Difor er det òg ekstra viktig å få fram at det er få barn som treng legetilsyn når dei har ein luftvegsinfeksjon - og endå færre som blir så sjuke at dei treng å bli behandla på sjukehuset. Dei aller fleste som blir smitta med RS-virus får forkjølingssymptom, og blir heilt friske etter nokre dagar utan anna behandling enn god omsorg, seier Melf til kommunen sine heimesider.

Han påpeikar at få av dei som blir smitta av RS-virus, blir så sjuke at dei i tillegg treng behandling på sjukehus. Dette gjeld først og fremst barn under eitt år.

– Men dei fleste barn under eitt år blir òg friske av seg sjølve, seier Melf.

Dette skriv kommunen om når ein skal kontakta lege og ikkje:

Når skal foreldre ta kontakt med lege?

Artikkelen held fram under annonsen.

Dersom barnet er slapt, har dårleg almenntilstand, drikk lite, har tørre bleier og/eller tungt for å pusta, skal du ta kontakt med fastlegen. Symptoma treng ikkje inkludera feber. Legevakta skal berre kontaktast dersom det verkeleg er nødvendig.

– Hovudregelen er at jo yngre barnet er, jo lågare terskel skal du ha for å kontakta lege, seier Melf.

- Difor er det òg viktig at vi beskyttar dei minste mot RS-viruset. Til dømes skal alle som besøker ein nyfødd, vera heilt friske.

Når treng foreldre ikkje ta kontakt med lege?

Eit barn som er forkjøla, men i ok form, treng ikkje oppsøkja lege. Det er ikkje nødvendig å sjekka om det er RS-virus, men det kan vera lurt å testa for korona.

Korontatesten kan barnet ta i form av to hurtigtestar heime, med 24 timars mellomrom. Du får hurtigtestar gratis på teststasjonane i Kolskogen og Eikelandsosen, og alle legekontor i kommunen.

– Følg flytskjemaet frå FHI for råd om kva du bør gjera ved luftvegssymptom. I tillegg skal vi følgja dei generelle råda: Hald deg heime når du er sjuk, vask hendene ofte, host og nys i albogekroken eller i eit papirlommetørkle, og ta koronatest sjølv ved milde symptom, oppmodar kommuneoverlegen.