Kan endra seg raskt: Det er ikkje lagt ned forbod mot bruk av hytter og fritidseigedomar i Bjørnafjorden per no, men dette kan endra seg.

Legg ikkje ned forbod mot bruk av hytter, men ting kan endra seg raskt

Kommunen bed hyttefolk innstendig om å halda seg heime.

Det er ikkje lagt ned forbod mot bruk av hytter og fritidseigedomar i Bjørnafjorden per no, men dette kan endra seg.

– Lovteksten er klar, og styresmaktene kan vedta eit forbod på kort varsel, ifølgje kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fram til ei eventuelt forbod, er kommunen avhengig av at kvar enkelt hytteeigar tek «gode val»

– Me kan ikkje prioritera å reisa rundt og sjekka om folk er på hyttene sine, men oppmodar om at folk held seg i heimkommunen for å bidra til å redusera smittespreiinga, beskytta dei utsette gruppene og ikkje bidra til ytterlegare press på helsetenestene i kommunane.

Ordførar Trine Lindborg fortel at kommunen har fått ganske mange telefonar med heile spekteret av spørsmål og kommentarar på kvifor ein likevel vil nytta hytta.

– Eg har stor forståing for at hyttefolket vil vera her, og me vil jo gjerne ha dei, men ikkje nett no. Viss ein absolutt må ein tur på hytta, så avgrens det til korte besøk. Eg vil samstundes koma med ei oppmoding til innbyggjarar i Bjørnafjorden om å passa på fritidseigedomar som no ikkje vert brukte, seier Lindborg.