Tarjei Vangdal (innfelt) har sett seg lei av foreldreskapt parkeringskaos i Torkjellsvegen.
Tarjei Vangdal (innfelt) har sett seg lei av foreldreskapt parkeringskaos i Torkjellsvegen.

Lei av farleg skuleparkering

Når 50 bilar skal sleppa av ungane like ved skuledøra omtrent samtidig, oppstår det kaos ved Lunde barneskule. Ein far ber foreldre om å tenkja seg om.

Me møter Tarjei Vangdal ein mørk morgon før skulestart ved Lunde barneskule. Som far til fem born, har han sett seg lei av parkeringskaoset som gjerne finn stad mange morgonar på denne tida av året.

- Særleg ille er det på regnvêrsdagar. Mellom 30 og 50 bilar skal køyra ungane heilt til døra i Torkjellsvegen. Når det i tillegg er mørkt og du er stressa og skal snu bilen, er eg redd for at det kan skje ei ulukke, seier Vangdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han oppfordrar foreldre til å bruka avsetjingslomma som er laga til som drop off-sone for born som vert køyrde.

- Ungane må gå 50 meter ekstra, men det har dei berre godt av. Slik det er no ser eg ofte at det er berre ein bil som brukar denne lomma, medan alle dei andre køyrer heilt opp, seier han.

Det er heller ikkje noko fortau langs vegane som fører til skulen.

Rektor med hjarte i halsen

Vangdal får støtte frå konstituert rektor ved skulen, Henrik Johannessen. Han seier at dette problemet har vakse i takt med elevauken.

- Problemet er at ingen av vegane våre er dimensjonerte for ein skule med 300 elevar, seier han.

Ifølgje Johannessen gjeld problemet ikkje berre Torkjellsvegen, men også Klasavegen (på motsett side av skulen).

- Det er ofte at eg sit med hjarta i halsen når eg ser parkeringskaoset ved skulen. Me brukar å minna foreldre på dette to gonger for året, men framleis er det ein del som kan bli flinkare til å nytta avsetjingslomma i Torkjellsvegen, seier han.

Ny p-plass kan avbøta noko

Lunde barneskule skalgjennom ei omfattande ombygging i 2016 og 2017. I samband med det, er det lagt opp til ein ny parkeringsplass ved skulen. Det kan også vera med og betra situasjonen noko.

Artikkelen held fram under annonsen.

- I dag har me 20 parkeringsplassar til godt over 40 tilsette alt i alt. Den nye parkeringsplassen vil først og fremst vera for tilsette, men nokre av parkeringsplassane vil kunna brukast til henting og bringing, seier Johannessen.

Arbeidet er venta å vera ferdigstilt hausten 2017. I mellomtida oppfordrar rektor folk til å parkera der det er tiltenkt, og å koma nokre minutt før for å unngå det verste rushet.

- Vil de oppfordra fleire til å la ungane gå til skulen?

- Det er eit val foreldra må gjera, og det kan ikkje eg som rektor leggja meg borti, seier Johannessen.

Vangdal forklarer at mange er busett på Halhjem og har såleis ikkje anna val enn å ta bilen.