Bodil Samnøy (i midten) har hatt ansvaret for Fusa frivilligsentral dei siste fire åra. No ønskjer ho å gje stafettpinnen vidare. (Arkivfoto)
Bodil Samnøy (i midten) har hatt ansvaret for Fusa frivilligsentral dei siste fire åra. No ønskjer ho å gje stafettpinnen vidare. (Arkivfoto)

Leitar etter Samnøys arvtakar

Etter fire år som leiar for Fusa frivilligsentral, byrjar Bodil Samnøy å arbeida som sjukepleiar igjen. No leitar Fusa sokneråd etter arvtakaren hennar.

Camilla Kvamme

camilla.kvamme@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det har vore fire spennande år. Å vera leiar for Fusa frivilligsentral er ein veldig allsidig jobb. Du får bruka mange sider av deg sjølv, seier Samnøy.

Sjølv om ein har retningsline og vedtekter å halda seg til, har ein stor fridom i jobben. Det synest Samnøy var litt skummelt i starten, men det viktigaste, meiner ho i dag, er heile tida å kjenna litt på pulsen i kommunen.

- Kva er det folk har trong for? Kva ventar innbyggjarane av frivilligsentralen, seier ho og legg til:

- Det har vore utruleg kjekt å sjå at prosjekta eg har våga å tru på i lag med andre, har bore frukter.

For den avtroppande leiaren er team work eit viktig stikkord.

- Det nyttar ikkje å tru at du skal få gjort ting åleine. Som leiar i frivilligsentralen må du ut og sjå kva du kan få til i lag med andre, påpeikar ho.

Folkehelsearbeid

Fusa frivilligsentral vart etablert i 2003. Astrid Heidal, som er styreleiar for sentralen, arbeidde først som dagleg leiar for sentralen i ti år.

- Jobben til dagleg leiar er å organisera og administrera aktivitetar i lokalmiljøet som frivillige utfører, seier Heidal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Oppgåvene er varierte. Alt frå å organisera kafétreff for pensjonistar til turar i skog og mark, språkkafé, TV-aksjon og ha ansvaret for bruktbutikken Bruktbuo.

- Det eg opplevde som mest gjevande med jobben, var ei sterk kjensle av at vi dreiv med folkehelsearbeid. Dei som var tilknytt frivilligsentralen var med på å gjera fritida meiningsfull for mange. Folk som elles ville ha sete passive heime, kom seg ut. Og folk som hadde mista ektemaken sin, eller som nett hadde flytta til kommunen, fekk eit nytt nettverk, og nokon å vera i lag med. Det var mange av dei som blomstra, og det var utruleg stas å sjå, seier Heidal.

Held fram som frivillig

Styreleiaren meiner Samnøy har gjort ein kjempejobb dei fire siste åra.

- Det er nesten ikkje grenser for kva ein frivilligsentral kan halda på med. Kva retning arbeidet tek, er nok litt personavhengig. Samnøy, som har bakgrunn frå sjukepleiaryrket, hadde til dømes ein heilt anna plattform enn det eg hadde, då ho tok til i jobben, seier Heidal og legg til:

- Det er nok naudsynt for den som tek over å avgrensa arbeidet sjølv. Det er ikkje alltid like lett. Det er mykje kjekt vera med på.

Samnøy vonar at ho har vore med på å skapa gode møteplassar for folk i Fusa. Ho karakteriserer avgangen som dagleg leiar for Fusa frivilligsental som heilt udramatisk.

- Eg har heile tida vore ærleg overfor styret om at eg berre kom til å bli i jobben i nokre år. No har det gått fire år, og det rykker i sjukepleiarhjartet mitt, seier ho og ler.

- Eg er ikkje heilt ung heller, og no låg tida til rette for å venda tilbake til sjuke- pleiaryrket, men eg har lyst til å halda fram som frivillig, understrekar ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

- På sin måte

Samnøy er oppteken av at den som overtek stafettpinnen etter ho, må få høve til å gjera ting på sin måte.

- Eg ønskjer ikkje at jobben skal forbindast med eit namn. Det er Fusa frivilligsentral dei ulike aktørane samarbeider med, ikkje Bodil Samnøy, påpeikar ho.

1. mai er oppseiingstida hennar over. Då skal ideelt sett arvtakaren vera på plass.

- Den som skal ta over må mellom anna kunna kommunisera med kommunestyret, fylket og departementet, men òg med heilt alminneleg folk. Evna til å samarbeida med menneske er med andre ord heilt sentralt, seier Heidal.