Politiet oppmodar om å melda frå om både små og store hendingar.
Politiet oppmodar om å melda frå om både små og store hendingar.

Lensmannrunden: - Ta deg bryet med å melda frå også om mindre hendingar

Politiet kjem med oppmoding til dei som opplever mindre tjuveri og hærverk.

Fleire postkassar har blitt sprengd med fyrverkeri i nyttårshelga. Fredag fekk politiet inn ei ny melding om ei liknande hending.

- Det er viktig at folk melder frå til oss om slike hendingar, slik at me eventuelt kan følgja opp sakene viss me ser eit mønster i dette, seier vakthavande ved politiet i Os og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det gjeld ved både denne type hendingar og t.d. ved sykkeltjuveri. Sjølv om politiet gjerne ikkje "kan løysa" saka "der og då", er det viktig at me får loggførd slike hendingar. Når det gjeld sykkeltjuveri, er det viktig at me kan få inn eit rammenummer på stolne syklar. Det hender at me kjem over syklar på seinare tidspunkt som me mistenkjer kan vera stolne, og då kan me få match viss me har loggførd rammenummer.

Mindre hendingar som dette kan enkelt meldast frå om på politiet.no.

Like etter kl 03.30 natt til laurdag fekk politiet melding om at ein lastebil hadde køyrd seg fast i Ole Bulls veg.

Redningsbil vart tilkalt. Politiet har ikkje fått fleire meldingar etter ulukka og reknar følgjeleg med at situasjonen har løyst seg.

Like før kl 2 natt til laurdag vart ein mann i 30-åra teken for urinering i Os sentrum. Det er oppretta sak, og mannen kan truleg venta seg eit førelegg.