Mikal Leigland (Sp)meiner kven som blir ordførar er underordna. Andrekandidaten til Senterpartiet meiner kommunevalet heller er snakk om eit verdival.
Mikal Leigland (Sp)meiner kven som blir ordførar er underordna. Andrekandidaten til Senterpartiet meiner kommunevalet heller er snakk om eit verdival.

Lesarbrev: Eit verdival – ikkje eit ordførarval

Eg ser det er fleire som hevdar kommunevalet er eit ordførarval. Valet er ikkje eit ordførarval, men eit verdival, påpeikar Mikal Leigland (Sp).

Klart vi har enkeltpersonar som er betre til å marknadsføra seg sjølve enn andre, men det er ikkje dermed sagt at dei er betre til å forvalta fellesskapet sine pengar.

Når to kommunar skal bli éin, er det viktig å ta på alvor alle innbyggjarane, same kor dei bur.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ulike utfordringar

Den nye kommunen blir langstrakt, og utfordringane ulike. Fusa har jobba med å få fleire til å flytta til kommunen. Os har hatt stor tilflytting frå Bergen.

Os har vesentleg høgare lånegjeld per innbyggjar enn Fusa, og tilknytingsavgifter på bustad er tre gongar høgare i Os enn Fusa.

OHARA-utbygginga er ute av kontroll og har mest dobla seg i pris. KostnadEne med dette må innbyggjarane ta. Dei 450–500 millionane som dette kostar blir ein ekstra skatt på kvar og ein av oss.

Bru mellom Fusa og Os

Sp vil at heile kommunen skal utvikla seg og vi er villige til å bruka ressursar på skule, barnehage, bustadfelt etc. for å få dette til.

Sp er oppteken av samferdsle og vil knyta kommunen tettare saman med tunell til Sævareid, og tunell/bru til Os.

Styrking av ferjesambandet og betre bussamband er førsteprioritet.

Sp er for indre ferjefri kyststamveg, og er ikkje villig til å bruka meir pengar på monsterbrua til Frp over Bjørnafjorden.

Sp vil ikkje bruka dine skattepengar til prestisjeprosjekt, men til gode tenester for folk der dei bur.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kven som blir ordførar er underordna, her er mange gode kandidatar. Det som betyr noko er kva verdival/samfunnsutvikling me ønskjer.

Stem gjerne SP – vi er klar!

Mikal Leigland, 2. kandidat Bjørnafjorden Sp