Torgeir Skjælaaen (MDG) peikar på at tiltaka Eirik André Hesthamar (Frp) skildrar i sitt innlegg, er lovpålagte oppgåver.
Torgeir Skjælaaen (MDG) peikar på at tiltaka Eirik André Hesthamar (Frp) skildrar i sitt innlegg, er lovpålagte oppgåver.

Lesarbrev: Visst trengst det ei heil bygd

Vi i MDG er ikkje nøgde med å oppfylle minstekravet i lovverket, vi vil ta steg framover, gje innbyggjarane eit betre tilbod enn minimum, og gje dei tilsette i oppvekstsektoren ein betre og endå meir gjevande arbeidssituasjon.

I sitt lesarinnlegg med tittelen «Det krevst ei heil bygd for å oppdra, danna og utdanna eit barn», publisert i Os og Fusaposten 14. juli, skildrar Eirik André Hesthamar korleis FrP visstnok tydeleg prioriterer barn og unge først.

Mesteparten av innlegget vert brukt til å snakka fint om ulike tiltak ein har sett i verk for å løysa lovpålagte oppgåver i oppvekstsektoren. Tiltaka som er sett i verk innanfor ramma «Betre læringsresultat» blir framstilt som om dei gjev born og unge i skulane og barnehagane våre eit spesielt godt tilbod som vi alle skal takka FrP for.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sanninga er at desse tiltaka berre løyser tydeleg lovpålagte oppgåver som ein ikkje kunne prioritert ned om ein ønskte det, og at dei alle har brei politisk støtte i heile Os.

Skulle berre mangla

Ta til dømes tiltaket «Forsterkingslærar». Dette er ressursar som kvar skule får tildelt for å raskt gje hjelp og støtte til elevar som har resultat under bekymringsgrensa på kartleggingsprøvane i småskulen. Vi i Miljøpartiet Dei Grøne er einig i at det er viktig at desse elevane får god oppfølgjing, men det skulle jo berre mangla; UDIR pålegg jo kommunen som skuleeigar å sjå til at elevar som hamnar under bekymringsgrensa får nødvendig og tilpassa oppfølging. Det tar seg ikkje ut å gjera eit minimum av det ein er pliktig til og så skryte av det.

På barnehagefronten er ikkje skrytelista til Hesthamar like lang, med god grunn. På kommunebarometeret som vart offentleggjort tidlegare i månaden, er Os langt nede på lista - 287 kommunar er betre enn oss. Kva med tidleg innsats her, medan borna er små, ressursar til god integrering og god språkopplæring i dei viktige barnehageåra?

Vil gje betre tilbod

Vi i Miljøpartiet Dei Grøne er ikkje nøgde med å oppfylle minstekravet i lovverket, vi vil ta steg framover, gje innbyggjarane eit betre tilbod enn minimum, og gje dei tilsette i oppvekstsektoren ein betre og endå meir gjevande arbeidssituasjon. Dette skal vi gjera gjennom å styrka dei kreative faga i skulen, gjennom å tilby god leksehjelp gjennom heile skuleløpet og gjennom å auka kvaliteten på skulefritidsordninga.

I tillegg vil vi gjera forsøk med leksefri skule og gratis SFO for elevar som treng særskilt språkopplæring.

Det blir gjort mykje bra i oppvekstsektoren på begge sider av fjorden, men om du vil ha ei politisk leiing som legg til rette for utvikling og eit betre tilbod enn minstekravet, bør di stemme gå til Miljøpartiet dei Grøne. Godt val!

Torgeir Skjælaaen, 3. kandidat for Miljøpartiet dei Grøne Bjørnafjorden.