- Kanskje dei litt eldre borna vil synest det er greit å få ansvaret for å sortera avfallet medan dei ventar på sin neste pakke, føreslår Tina Skudal som er kommunikasjonsrådgjevar i BIR.
- Kanskje dei litt eldre borna vil synest det er greit å få ansvaret for å sortera avfallet medan dei ventar på sin neste pakke, føreslår Tina Skudal som er kommunikasjonsrådgjevar i BIR.

- Lett å vera grøn også på julaftan

Tina Skudal hjå BIR fortel at det er lett å vera grøn og kildesortera, også på julaftan.

- På julaftan blir det store mengder med avfall, og det blir lettare å handtera det dersom ein er litt førebudd, seier Skudal.

Det er tre ting som er greit å ha framme når den store julefeiringa tek til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det første er den raude julesekken. I den kastar ein gåvepapir, silkepapir, band og sløyfer, brukte serviettar, isopor, vedsekkar og blandingsemballasje. Blandingsemballasje er til dømes leiketøysesker med plastvindu. Dette kan ikkje gjenvinnast til nytt papir, difor blir julesekken frakta til energianlegget slik at vi får straum og varme av det.

- Det andre er ei pappeske eller liknande. I den hiv du alt av aviser, gråpapir, bølgepapp og kartong. Dersom ein riv plasten av blandingsemballasjen, går den også oppi her, fortel Skudal.

Det tredje ein treng er til dømes ein plastsekk. I den går bobleplast, posar, pepperkakeboksar og plasten frå blandingsemballasjen.

- Kanskje dei litt eldre borna vil synest det er greit å få ansvaret for å sortera avfallet medan dei ventar på sin neste pakke, føreslår Skudal.

jostein@osogfusa.no