Ein mann (45) vart brannskadd etter ein gasseksplosjon på eit kjøkken.
Ein mann (45) vart brannskadd etter ein gasseksplosjon på eit kjøkken.

Lettare skadd etter gasseksplosjon

Helse Bergen melder at 45-åring er lettare skadd etter gasseksplosjon på kjøkken.

I ettermiddag meldte politiet om ei eksplosjonsulykke som skjedde i Prestegardskogen i Os. Eksplosjonsulykka skjedde i samband med bruk av gasskomfyr på eit privat kjøkken.

45-åringen vart brannskadd på armane, men vart altså ikkje alvorleg skadd i følgje ei pressemelding frå Helse Bergen.