Politiet har ikkje mistanke om køyring i påverka tilstand etter uhellet på Lepsøyvegen tysdag.
Politiet har ikkje mistanke om køyring i påverka tilstand etter uhellet på Lepsøyvegen tysdag.

Lettare skadde etter fall på motorsykkel

To personar på ein motorsykkel fall i ein sving på Lepsøyvegen tysdag kveld. Ein av dei vart henta av ambulanse og køyrd til Haukeland Universitetssjukehus.

Det var i 23.30-tida at trafikkuhellet skjedde. I ein sving like etter Hagavik Hjemmebakeri, retning Søre Øyane, fall to personar og køyrde utfor med ein motorsykkel.

– Det er snakk om to ungdomar på 16 år. Ei av dei, ei jente, vart etter det me har fått rapportert, lettare skadd og køyrd til Haukeland Universitetssjukehus for kontroll, fortel Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han legg til at det ikkje er mistanke om køyring i påverka tilstand.

– Me har ikkje teke førarkortbeslag så langt, men saka vil bli etterforska, fortel han.

Kolliderte med hjort

Ein annan motorsykkel-førar fekk seg tysdag kveld eit ublidt møte med ein hjort. Mannen kolliderte med det firbeinte viltdyret på Bogstrandvegen.

– Mannen vart lettare skadd. Me har ikkje mistanke om køyring med promille eller uaktsom køyring i denne saka, konstaterer Hadler-Olsen.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no