Diskuterte eldrepolitikk: At turen var lagt innom Øvreeide gard i Hegglandsdalen, var ikkje tilfeldig. Her handla det om eldrepolitikk.

Listhaug vitja Øvreeide gard. Diskuterte eldrepolitikk

Partileiar i Frp, Sylvi Listhaug (Frp) synest det er flott at ein kan nytta gardsbruk til aktivitetar for dagpasientar.

Nokre timar etter at dagpasientane hadde forlate Øvreeide gard onsdag, rulla partileiar i Frp, Sylvi Listhaug, og 3. kandidat til stortingsvalet, Sigbjørn Framnes, inn på tunet på garden i Hegglandsdalen i bubilen sin.

Frp-politikarane hadde køyrt over fjellet, og vitja mellom anna Hardanger og Bergen. No stod grillfest i Hegglandsdalen og ein prat om eldrepolitikk for døra.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har fått innspel frå lokallaget om å koma hit. No gler eg meg veldig til ein hyggjeleg kveld i lag med dei andre i partiet, fortel Listhaug i det ho stig ut av bubilen.

På besøk: Tore Øvreeide ønskte partileiaren i Frp velkomen til gards.

Spreke som lopper

For som tidlegare eldre- og folkehelseminister, Terje Søviknes (Frp) påpeikar, er partiet hans oppteken av at private initiativ, ikkje berre innan eldreomsorg, men også psykiatri og utviklingshemming, skal få høve til å bidra.

– Ein dagsenterplass er langt billigare for kommunane enn ein sjukeheimsplass, seier Søviknes, og legg til at Frp så seint som i kommunestyremøtet i juni etterlyste fleire dagsenterplassar i kommunen.

– For nokre er det ikkje nok med avlasting på ein sjukeheim. Nokre treng meir aktivitet. Vi må hugsa på at nokre av dei som har demens er spreke som lopper. Dei har berre problem med å hugsa, legg Listhaug til.

Frp-leiaren synest det er flott at ein kan nytta gardar som kanskje ikkje er store nok til berre å driva med sau eller mjølkekyr til andre aktivitetar.

– Å skaffa seg eit levebrød, samstundes som ein tek vare på staden og utnyttar han til andre aktivitetar, er positivt. I tillegg er nok fleire av dei som kjem her, oppvaksen på gard, noko som gjer at opphaldet truleg vert fylt med gode minne, seier Listhaug.

Bubilen til Frp stod parkert på Øvreeide gard til neste dag. Deretter bar det vidare til Stord.

Ønskte velkomen: I 19-tida onsdag rulla Sylvi Listhaug og Sigbjørn Framnes inn på Øvreeide gard i Frp-bubilen. Gustav Bahus og Terje Søviknes stod klare til å ta i mot.