Håvard Mathisen, Susanne Sperrevik, May Brit Haringstad, Roger Hoel og Kjersti Ellingsen i Bjørnafjorden Høgre og dei andre lokalpartia kan også melda seg på til «Liv laga»-portalen til Os & Fusaposten.
Håvard Mathisen, Susanne Sperrevik, May Brit Haringstad, Roger Hoel og Kjersti Ellingsen i Bjørnafjorden Høgre og dei andre lokalpartia kan også melda seg på til «Liv laga»-portalen til Os & Fusaposten.

«Liv laga» også for lokalparti

Fleire og fleire er med på Os & Fusapostens nye portal for aktivitetstilbod. Lokalparti og andre interesseorganisasjonar er også hjarteleg velkomne til å hiva seg på.

– Hovudideen bak prosjektet er at det skal vera enkelt å finna fram til aktivitetar og fritidstilbod i Os og Fusa. Men aktivitetstilbod er jo meir enn idrett, song og korps. Også for folk som til dømes er lokalpolitisk engasjerte, skal det vera lett å finna fram, seier redaktør i Os & Fusaposten, Jostein Halland.

45 lag er inne

Den nye portalen vart offisielt lansert 19. august. No, vel tre veker etter, har 45 lag/organisasjonar meldt seg på.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me er godt nøgde så langt, men det er klart: Det er mange me ikkje får tak i. Det finst anslagvis 200-300 lag og organisasjonar i Os og Fusa, så me er på langt nær ferdige med å fylla opp lista, seier primus motor for «Liv laga» i Os & Fusaposten, Leif Juvik.

Han vedgår også at lokalavisa slit med å få tak i kontaktpersonar i nokre av dei nyare laga.

– Nettopp det er kanskje eit teikn på at det kan vera god bruk for ei slik oversikt som Liv laga, smiler Juvik.

Han nyttar høvet til å oppmoda lag og organisasjonar som ikkje har fått mail av avisa så langt, om å ta kontakt.

- Det er mange nye lag, og dei listene me har fått tak i er truleg ikkje heilt oppdaterte, seier Juvik.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no